Skip to main content

Psykolog Heidrun Skjåk

PSYKOLOG · VINSTRA, GUDBRANDSDALEN

Velkomen

Eg tilbyr samtaleterapi for menneske i alle aldre. Individualsamtaler, parsamtaler, familiesamtaler og samtaler for deg som er pårørande.

Det kan vera mange grunnar til å kontakte psykolog. Det å vera menneske er krevande på ulike vis, og du er velkomen til å kontakte meg uansett kva du strever med. Hit kan du kome med alle dine tunge tanker, bekymringer, uro og fortidas vonde erfaringer som gjer livet vanskeleg å leve her og nå.

Om meg

Eg er veldig glad i jobben min.

Det gir meg mykje å kunne bidra til at andre menneske får det betre i kvardagen — saman med andre og i seg sjølv.

Eg er utdanna psykolog ved NTNU Trondheim og har jobba som psykolog sidan 2005. Eg spesialiserte meg innan klinisk psykologi, rus og avhengigheit, og har jobba som psykologspesialist sidan 2011.

Arbeidserfaring

Eg har jobba ved Familevernkontor og Bup, (barne -og ungdomspsykiatrisk poliklinikk), men i all hovedsak, sidan 2007, har eg jobba ved Dps poliklinikk, TSB og Fact-team med utredning og behandling av vaksne med psykiske lidelser og/eller ruslidelser og avhengigheitslidelser.

Typiske lidelsesormråde eg har jobba med der er depresjon, tilknytningsproblematikk, personligheitsforstyrrelser, traumelidelser, dissosiative lidelser, bipolaritet, rus, avhengigheit,  spiseproblematikk, angst, ADHD, autismespekterforstyrrelse, psykosomatiske lidelser, psykoselidelser, sorg, tap, livskriser.

Eg har hatt mykje veiledning av andre helsepersonell, inkludert veildning for psykologer i spesialisering.

Behandling

Du skal kjenne deg trygg, møtt og sett.

Når du kjem til meg ynskjer eg du skal kjenne at du blir møtt med respekt og empati. Det er viktig at du skal kjenne deg trygg. Dette er grunnlaget og heilt avgjerande for at vi skal kunne jobbe saman terapeutisk.

Du skal også bli møtt med åpenheit og nysgjerrigheit på deg og di indre verd. Det er dette vi skal utforske og jobbe med i samtalene her.

Du kan kontakte meg når du kjenner det hadde vore godt å prata med ein profesjonell samtalepartner, stort eller smått.

I terapi tek vi utgangspunkt i deg; i dine behov og problematikk. Det viktigaste er at det skal kjennes nyttig for deg. Når vi starter med terapi inngår vi i ein arbeidsallianse saman. Du treng ikkje å ha det klart i forkant kva du skal si eller korleis du skal legge det fram. Dette finn vi ut av saman.

Kor lenge vi skal jobbe saman terapeutisk er ikkje lagt på forhånd. Hos meg kan du få bruke den tida du treng, om det er nokre få timar eller terapi som strekker seg over år. Eg har tid, interesse og er genuint opptatt av at du skal få det betre.

Terapeutisk er eg psykodynamisk orientert.

Eg er opptatt av å jobbe med den underliggande problematikken. Symptom som depresjon og angst kan utvikle seg på grunn av umøtte behov, tilknytningsproblematikk og traumer. Symptom som det å ruse seg eller spiseproblematikk kan vera løysingsstrategier for å ta bort eller halde indre uro og smerte på avstand.

Eg jobber bl.a. med affektbevisstheitsterapi, kroppsorientert terapi, mentaliseringsbasert terapi, EMDR terapi som du kan lese meir om her:

Noko av det eg kan hjelpe deg med:

Pris

Prisar frå 01.08.2026

Individualsamtale (45 min)1200 kr
Parsamtale (45 min)1500 kr
Samtaler etter kl. 16:00, og helg+ 200 kr
Rapportar og utredninger (45 min)1200 kr

Avbestilling må skje seinast 48 timar før timen — elles blir timen belasta. Vi kan òg gjere om timen til telefonsamtale eller videokonsultasjon. Prisane blir justerte årleg.

Kontakt

Midt i Gudbrandsdalen — lett å kome til.

AdresseStrandgata 33B, 2640 Vinstra
Telefon476 45 401
E-postpsykologhs@online.no
DigitaltEg tilbyr òg digitale samtaler

Lett tilgjengelig kontor

Kontoret ligg rett ved togstasjonen. Det er stor parkeringsplass på baksida av bygget, og inngang både på framsida og baksida